kameleon quilt logo

"Vår del av sølvet"


Eg jobbar med ein serie teppe der inspirasjon og utgangspunkt er gamle foto innsamla av Bremanger Fiskarkvinnelag for mange år sidan.
Dei to første teppa i denne serien kan sjåast på sidene som omhandlar Bubble Jet Set, då eg brukar dette produktet til å gjere bilder printa på stoff vannfaste.
Denne sida viser noko av arbeidsprosessen med det tredje teppet i serien. Det er basert på dette biletet:

Båt med tre damer ute på fjorden

som viser tre kvinner i ein robåt ute på fjorden under det årlege torskefisket (februar - april).
Eg jobba ein del med biletet i Corel Photo Paint og greidde å få fleire kvinner ut på fjorden:

Fire kvinnebåtar på fjorden

Eg førestilte meg kvinnene i båten midt i ein fiskestim:

Silversea blå med foto

Når ein ser på svartkvitt bileter er det lett å tru at verda dengong var ein trøsteslaus og fargelaus stad, men eigentleg var alt like fargestrålande som no, kanskje bortsett frå husa og kleda.

I alle fall tenkte eg at menneska som var ute og fiska på fjorden kunne ha godt av litt solskin:

Silversea med solskin

Eg forandra også fargen på biletet til blått for å passe betre til sjøen omkring.

Så flytta eg nokre av solstrålane inn i sjølve biletet:

Silversea solstrålar i biletet

Det var så langt.
Eg skal spare dykk for alle dei kjedelige detaljane angåande prosessen med å leite fram rette stoffa frå stoffsamlinga (eigentleg den mest spennande delen, men eg innser at ikkje alle ville synest det same), kutte og sy alle 42 blokkene, preparere og printe biletet på stoffet, sy saman blokkene, og igjen (spennande): leite gjennom stoffsamlinga etter ei passande ytterramme.

Resultatet på dette tidspuntet:

Silversea sjølve teppet

Kort sagt: stoffa er i bomull og silke. Nokre få solstrålar og fiskar har og kome ut i ramma.

Teppet er no ferdig og kan sjåast i galleriet. Det er quilta med linjer som følgjer sirkelbevegelsen i blokkene rundt bildet.











Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Bubble Jet Set 2000 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

Gratis mønster

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Bubble Jet Set 2000 | Data og quilting Teppe laga av andre | Gratis mønster | Linkar | E-mail |

TIL TOPPEN

Copyright 2004 Eldrid Røyset Førde