kameleon quilt logo

Kystlandskap på stoff


Trykt på middels tjukt 100% bomullsstoff.

Stofftrykka kan quiltast enkeltvis eller fleire saman i eit større arbeid, kan vere blikkfang på ei veske, pute eller kleplagg. Dei eignar seg og som byttestoff eller gåve til quiltarar utanlands som ønskjer seg stoff med norske motiv.

Trykka er 8 x 10 tommar kvar med ca. ein halv toms kvitt saumrom rundt heile.

Bestill stofftrykk her.


Om motiva
Alle motiva er henta frå miljø som på ein eller annan måte er relatert til fiske, - ei næring som har århundrelange tradisjonar langs heile kysten, og som framleis i si moderne form er ei av våre viktigaste eksportnæringar. Med modernisering følgjer at dei gamle tradisjonane etter kvart døyr ut, og med dei forsvinn og bygningar og konstruksjonar som har vore vanlege landemerke langs kysten.

fabric print Bremanger Stofftrykk # 201 Bremanger
Ei gruppe sjøhus i Struen i Bremanger. Struen har eit unikt miljø med mange eldre naust og buer, somme av dei framleis i bruk.
fabric print ekkerøy Stofftrykk # 202 Ekkerøy
Denne gamle sjøbua på Ekkerøy på Varangerhalvøya har no blitt sjømatrestaurant, med kamtsjatkakrabbe som ein av spesialitetane.
fabric print henningsver Stofftrykk # 203 Henningsvær
Fiskehjellar var tidlegare eit vanleg syn langs mesteparten av kysten, men har forsvunne etterkvart som andre tørkemetodar blir tekne i bruk. I Henningsvær står dei framleis på berga i og rundt byen.
Trekantforma har inspirert utforminga av fleire kyrkjebygg, bl.a. Ishavskatedralen i Tromsø.
fabric print kalvaag Stofftrykk # 204 Kalvåg
Kalvåg låg i sentrum av dei rike sildefiskeria i 50-åra med eit yrande folkeliv i høgsesongen. I dag er det moderne fiskeforedlingsfabrikk på staden, og mange av dei gamle buene har blitt museum, restaurantar, butikkar og overnattingsstadar.
Nokre av buene er framleis i bruk til fiskeriføremål.
fabric print aa in lofoten Stofftrykk # 205 Å i Lofoten
Å ligg så langt ute det går an å køyre i Lofoten, - heilt i enden av vegen. Her har mange av dei gamle buene fått nye funksjonar innanfor turistverksemd.
fabric print aalesund Stofftrykk # 206 Ålesund
For dei fleste kystbyane har handel med fisk vore ein viktig vekstfaktor. I sentrum av Ålesund står framleis mange av dei gamle buene der fisken vart levert, produsert og pakka for eksport. No er handteringa av sjølve fisken flytta til meir moderne fasilitetar utanfor bykjernen, og dei gamle buene har fått nytt indre liv i form av butikkar, restaurantar og hotell.





Bestill stofftrykk.

Inspirasjon og prosess.





Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Foto på stoff 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

Gratis mønster  

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Foto på stoff | Data og quilting| Teppe laga av andre | Gratis mønster| Linkar | E-mail |

TIL TOPPEN


Copyright 2002-2007 Eldrid Røyset Førde