"
kameleon quilt logo

Eit teppe til søstra mi


Då eldste søstra mi fyllte 50 bestemte eg meg for å lage ein quilt som inneheldt nokre minner frå tidlegare år.

Dette er nok den vanlegaste motiveringa for å ville overføre bilder til stoff, og BJS 2000 synest eg er praktisk å bruke sidan stoffet er så lett å arbeide med etterpå.

Eg fann nokre svart-kvite bilder frå barndom og ungdom, scanna dei og fiksa på dei på forskjellig måte før alle vart omgjort til blått-kvitt for å passe inn med fargane som eg hadde valgt ut for resten av teppet.
bodil Ho hadde nyleg flytta til Hammerfest, så eg tenkte nordlyset kunne vere eit passende tema for teppet.

Eg valgde ut passelege stoff, sydde saman til ei brei remse som vart kutta opp og arrangert på "bargello-måten" for å illudere nordlys.
buildup
Så sette eg inn bilda og la til striper i mørkare blått for å fylle flata.


Her er nokre av bilda i quilten.
detalj



Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Bubble Jet Set 2000 | Data og quilting| Teppe laga av andre | Linkar | E-mail |

TILBAKE
til "Quiltar laga med BJS"

FRAMSIDA


TIL TOPPEN

Sidene ser best ut med ei oppløysing på 1024x768 eller høgare.

Copyright 2002 Eldrid Røyset Førde