kameleon quilt logo

Falmetest med ulike blekktypar


Bilda under samanliknar falming ved bruk av dye-basert blekk (frå ein Canon 7000 printer, øvst) og pigmentbasert blekk (Epson, nederste foto).

Testen vart starta i januar 2003. Eg fekk laga to utskrift frå kvar printer, den eine frå kvar blekktype vart sett i eit vindauge med direkte sol, det andre har vore oppbevart mørkt. Bilda nedanfor er tekne i februar 2007. Dei to utskriftene frå kvar blekktype vart stilt opp ved sida av kvarandre og fortograferte. Utskriftene som har vore oppbevart mørkt er til venstre på begge bileta.

Bileta talar for seg sjølv når det gjeld kva som falmar mest og minst.

No er det ikkje vanleg å la f.eks. ein quilt henge i vindauget i 4 år, så i praksis vil falming for dyebasert blekk brukt i eit veggteppe ikkje vere så dramatisk over same tidsrom som i testen. Men ser ein på tidlegare testar utført på utskrifter med dye-basert blekk, ser ein at det går ikkje lang tid før det er merkbar falming

falmetest på canon utskrift

falmetest på epson utskrift


Oppdatert falmetest


Bileta under vart tekne i juni 2013, meir enn 10 år etter at testen over begynte.

photos printed on fabric, fading test Her har eg fotografert 4 testprint samla, slik at alle har det same lyset på biletet. Alle fire vart printa ut på stoff den same dagen, den 31. januar 2003.

Dei to øvste har stått i eit vindauge i 10 år. Til venstre er eit Epsonutskrift med pigmentbasert blekk, og til høgre er det eit Canonutskrift med dyebasert blekk.

Dei to nedste er begge utskrifter frå Epsonprinteren. Det til venstre har hange på ein vegg ca 2-3 meter frå vindauget, slik ein vanlegvis ville plassert eit veggteppe. Det til høgre har vore oppbevart mørkt.

På utskriftene som har stått i vindauget, er det dyebaserte blekket (Canon i dette tilfellet) nesten heilt vekk. Det pigmentbaserte frå Epson har holdt seg mykje betre, sjølv om det gule pigmentet har falma ein del.

Eg brukte ein Pigma penn til å notere på stofftrykka, og skrifta har halde seg godt på alle prøvene.

På alle prøvene som har vore utsette for meir eller mindre lys, har stoffet gulna ein god del, medan det eine som har lege mørkt, er framleis kvitt. Det er noko av forklaringa på at det som har hange på veggen ser gulare ut enn det som har lege mørkt.

Under er større bilete av alle fire prøvene:
photo printed on fabric fading test Epson
Epson pigmentbasert blekk, i vindauget i 10 år.

Photo printed on fabric facing test canon
Canon dyebasert blekk, i vindauget i 10 år.

Photo printed on fabric fading test Epson on wall
Epson pigmentbasert blekk, på veggen i 10 år.

Photo printed on fabric fading test Epson in dark
Epson pigmentbasert blekk, mørkt i 10 år.





Foto på stoff framside





Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Foto på stoff 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

Gratis mønster  

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Foto på stoff | Data og quilting| Teppe laga av andre | Gratis mønster| Linkar | E-mail |

TIL TOPPEN


Copyright 2002-2013 Eldrid Røyset Førde