"
kameleon quilt logo

"Reise, reiser, reist"


Utfordringa på Skandinavisk Art Quilt-lista var å lage ein quilt på 1 x 1 m der det hovudsaklig vart brukt stoff ein hadde farga sjølv, eller laga sjølv på annan måte.
Eg valgde å bruke stoff som eg behandla med Bubble Jet Set 2000 og deretter printa bilder på.
Dette teppet er det første i ein planlagt serie der inspirasjon og utgangspunkt er fotosamlinga til Bremanger Fiskarkvinnelag.

Utgangspunktet for dette teppet var eit bilde frå 1910-20 som i samlinga har fått tittelen "På reisefot". Det viser tre kvinner som står på dampskipskaia i Bremanger og ventar på rutebåten, og vi kan sjå nokre av sjøbuene bak. Den eine har veske med og er tydeleg reisekledd. Bildet kan sjåast på eit av detaljbilda nedanfor, det er "limt" på buaveggen.

Det første eg fekk lyst å jobbe med var ansiktet til den eine av kvinnene. Etter å ha scanna inn bildet, forstørra eg opp ansiktet og "leika" litt fram og tilbake med ulike oppløysingar, filter, fargar, etc. Det eg likte best var rute-effekten eg fekk ved lav oppløysing, så eg jobba vidare ut frå det.

På ein versjon av ansikt-bildet sette eg oppløysinga så lavt det gjekk (20dpi), og forstørra deretter bildet til ca 45 x 60 cm. Deretter vart det heile delt i 3 x 4 ruter og kvar rute fargelagt individuelt med forskjellige raude nyansar. Deretter vart alle rutene printa ut på stoff, og så sydd saman.

Kvinnene står framfor ein vegg, sannsynlegvis ei sjøbu. Dei fleste sjøbuer her er malte med ein låveraud farge, så eg fotograferte ein versliten vegg på eit uthus i denne fargen, og valde ut nokre fjøler som eg jobba vidare med. Ei har fått "Fylkesbaatane" printa på i versliten kvit maling, ei anna har eit hjerte med initialar i, og på den tredje sette eg inn det opprinnelige bildet som eg jobba utifrå. Heilt nede til høgre er ein bit med signaturen på. Alle vart printa ut på stoff.

Innimellom og rundt desse delene er der smale panel med bilder av gamle båtar. Desse er printa i svart-kvitt med varierande grad av transparens på forskjellige blå eller blå-mønstra stoff. På denne sida kan du sjå detaljbilde av nokre av desse saman med dei opprinnelege bilda.
Båtane er anten gamle rutebåtar som har høyrt til i "Fylkesbaatane", eller eldre fiskefartøy frå Bremanger. Felles for dei alle er at dei ikkje eksisterar lenger, dei har reist.... Det har også kvinnene på bildet, og dei verslitne fjølene syng også på siste verset.

Det blåstripete stoffet som avsluttar det heile var det einaste i stoffsamlinga mi som absolutt ropte etter å vere med. Den eine av kvinnene har eit forkle med liknande stripemønster som dette, så for 90 år sidan ville dette stoffet sannsynlegvis ha vore kjole- eller forklestoff.

Her er bildet som var utgangspunktet "limt" til veggen. Det var gjort i Corel Draw før "fjøla" vart printa ut på stoffet.
Dette bildet viser logoen til Fylkesbåtane på veggen. Eg gjorde skrifta "versliten" i Corel Draw før den vart "limt" til fjøla og printa ut på stoffet.
Quiltemønsteret er to sett med konsentriske sirklar liksom ringar i vatn. Anten vi er båtar eller menneske ruffar vi i overflata den tida vi er til, og vår eksistens og handlingar får innverknad på andre på godt og vondt.


Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Bubble Jet Set 2000 | Data og quilting| Teppe laga av andre | Linkar | E-mail |

TILBAKE
til "Quiltar laga med BJS"

FRAMSIDA


TIL TOPPEN

Sidene ser best ut med ei oppløysing på 1024x768 eller høgare.

Copyright 2002 Eldrid Røyset Førde