"
kameleon quilt logo

Bubble Jet Set 2000
testa på forskjellige stoffkvalitetar



Go to English pages
Heim 
Om meg 
Kameleon Quiltar 
Galleri 
Mønster til salgs 
Arbeid under utforming 
Inspirasjon 
Bubble Jet Set 2000 
Data og quilting 
Teppe laga av andre 
 
 
Linkar 
E-mail 

Eksperimenterte med Bubble Jet Set i løpet av sommaren 2000. Nedanfor er gjengitt nokre av dei erfaringane eg noterte meg.

For det første ville eg finne ut om BJS fungerte i det heile teke, eller om det var like bra utan. Det var det første som vart testa ut, og svaret her var: ja, det fungerte. Detaljar om korleis det vart gjort kan lesast nedanfor.

For det andre, var eg interessert i å sjå korleis bildekvaliteten vart ved å printe ut på forskjellige stofftypar og ved forskjellige vaskemetodar.
Det vart forskjel på bildekvaliteten, men ikkje så stor at det er muleg å fange det inn med scanneren, men nedanfor har eg skrive litt om korleis resultatet vart.

Dessutan utførte eg ein falmetest, resultatet av den kan de sjå her. Her kan du også sjå skilnaden på opprinnelig foto og eit som nyleg er printa på stoff.


Scan og print
Scanna inn eit bilde som hadde "alle" fargane i seg, og som også hadde varierande lyse og mørke fargeflater samt små detaljar. Bildet vart scanna med 300 dpi, ingen forandringar vart gjort, og alt vart printa ut på ein Canon 7000 fargeprinter med fargepatron BCI 61.
Printeren vart stilt på transparent, og det vart brukt manuell arkmating slik at arka kunne gå rett gjennom printeren og ikkje bli for mykje bøygde. Stoffa vart strokne fast på frysepapir og skorne til A4 størrelse.

Vask
Alle stoffa unnateke eitt vart bløytt i Bubble Jet Set 2000, og tørka ute i skuggen. Etter printing vart dei fleste stoffa vaska for hand i lunka vatn med Milo vaskemiddel, og skylde i kaldt vatn.
Sidan eg jobba med mange trykk på ein gong, var det berre eitt som vart vaska etter minimumstida som er angitt i bruksanvisninga, for dei andre tok det lenger tid mellom printing og vasking, opptil eit døgn. Kunne ikkje sjå at dette gjorde nokon skilnad.
Eit par av stofftypane vart vaska i maskin på hhv 40 og 60 grader C saman med klevasken. Skilnaden her var at fargen i trykket hadde ein tendens til å flyte meir utover i kantane og utover det kvite stoffet, og dei tok også til seg noko farge frå eit raudt kleplagg sjølv om Dye-Magnet vart brukt i lag med.
Nokre stoff vart strykefiksert før vasking både for hand og i maskin, men det utgjorde heller ingen skilnad for resultatet av dei to vaskemetodane, det var likt for fikserte og ufikserte stoff.
Har ikkje prøvd Bubble Jet Rinse til å vaske stoffa i etter trykking.

Korleis holdt fargen?
Alle stoffa sleppte noko farge i vask for hand, det såg ut til å vere den blå fargen som var lausast, men generelt sett var det ikkje så mykje at ein kunne sjå særleg forskjell på vaska og uvaska bilde på same stofftype.
Unntaket var det stoffet som ikkje var behandla med BJS, det vart veldig bleikt, og også her var den blå fargen lausast.
Bilda som vart vaska i maskin vart av dårlegare kvalitet enn bilde på same stofftype vaska for hand, spesielt på litt grovare bomull såg det ut som maskinvasken også ruffa i fibrane slik at bilda fekk kvite "flekkar". Det var ikkje skilnad på 40 eller 60 grader når det gjaldt resultatet her.

Lysekte?
To av stofftypane, begge vaska for hand, hang ute på klesnora i sol og regn i ein månad saman med ein bit vanleg kjøpt bomullstoff med farga trykk (eit typisk quiltestoff, middels kvalitet).
Bilda som var printa med BJS bleikna ein god del samanlikna med dei bilda på same type stoff og med same vaskemetode som ikkje hang ute, og vesentleg meir enn det kjøpte bomullstoffet, som var nesten uendra.
Det såg ut som det var den raude fargen som bleikna mest.
Vil tru at dette er avhengig av typen blekk ein har i printeren, men generelt ser det ut som ein bør vere forsiktig med å utsetje desse bilda for mykje lys.
Skilnaden var så stor at det var lett å sjå også etter at det vart scanna, så eg har lagt ut bilde på denne sida.

Dei enkelte stofftypane
Prøvde å printe ut på mange forskjellige kvalitetar av både bomull og silke. Har ikkje prøvd andre fibertypar enno.
Dei to første bomullstoffa som er nemnde her vart det printa fleire eksemplar av slik at forskjellige vaskemetodar kunne prøvast på eit elles likt utgangspunkt. Dei vart vaska både for hand og i maskin på 40 og 60 grader, og hengt ute i sola for å teste lysektheit.

Generelt for alle stofftypane var at bildet vart bleikare enn på papiroriginalen, men i forskjellig grad. Sjå skilnaden på original foto og foto nyleg printa på stoff (Pima) her. Strukturen og om stoffet var grovt eller finvevd hadde og noko å seie for fargeresultatet, og kunne av og til gi interessante tilleggseffektar.

1 Kona Bay PFD (prepared for dyeing), bomull (Hancock's)
Dette er eit veldig tettvevd stoff, men ikkje slett så tett og tynt som Pima nedanfor. Eit av dei tre stoffa som ga best resultat fargemessig, og nest etter Pima i å likne på bilde trykt på papir.
Dei som vart vaska i maskin fekk fargestoff frå bildet utover stoffet utanfor bildet, og heile trykket vart bleikare. Kunne også sjå nokre lyse brette-striper, men i mindre grad enn for nr 2

2 Lakenstaut (SGS)
Dette var det stoffet som tok til seg mest farge og dermed ga det kraftigaste trykket med djupaste fargetonar.
Stoffet er grovare enn nr 1 og 3, noko som ga bildet ein viss "canvas-effekt", dvs veven i stoffet var ganske framtredande når ein såg på bildet, kunne minne om maleri i mini-format.
Holdt fint i handvask, men ved maskinvask kom ein del kvite fibrar fram gjennom trykket, og også brettar i stoffet ga kvitare striper over bildet. Her og flaut fargen frå bildet ut i det kvite stoffet rundt.

Dette stoffet vart og prøvd utan BJS, men det bleikna veldig i handvask.

3 Pima PFD, bomull 205 tr. (Lunn Fabrics)
Dette er ein veldig tettvevd og ganske tynn bomullskvalitet, og eit av dei stoffa som ga best fargeresultat. Den tette veven gjorde at bildet her vart mest likt slik det er når det er printa på papir.

4 Combed Cotton Lawn, bomull 200+tr. (Lunn Fabrics)
Dette er og ein tettvevd bomullstype, men tynnare enn Pima. Ga fin "papir-virkning", men ein tanke dårlegare farge enn Pima.

5 Pima Unbleached, bomull 205 tr. (Lunn Fabrics)
Same veving som nr 3, men i ubleika kvalitet. Resultat ganske likt nr 3, men med ein varmare glød i bildet. Kan få svart/kvitt bilder til å sjå ut som dei er gulna.

6 Batikkvev, bomull (SGS)
Denne kvaliteten tok fargen middels godt, stoffet er noko grovt og gir "canvas-effekt".
Fargen flaut litt utover i det kvite ved handvask.

7 Habotai, silke 35g (SGS)
Stoffet var så tynt at noko av fargen gjekk gjennom og farga frysepapiret bak. Fargeresultatet på stoffet vart difor ganske bleikt.
Stoffet fekk dessutan masse skrukker etter det var dyppa i BJS og tørka, og desse var umuleg å få ut ved stryking, så ein viss "crinkle"-effekt, nesten som ei marmorering, viser i bildet. Etter at stoffet var vaska, gjekk det fint å stryke det glatt igjen.

8 Crepe de Chine, silkekrepp 69g (SGS)
Denne kvaliteten sleppte og ein del farge gjennom til papiret bak, men i mindre grad enn nr 7. Fargekvaliteten vart difor betre enn på Habotai silke, og strukturen i stoffet ga bildet eit annleis utsjåande enn på nokon av dei andre stoffa.

9 Dupion, silke (SGS)
Tok farge omtrent som silkekrepp, men dei grovaste fibrane ga ein del kvite flekker etter vask, nokre av dei så skjemmande at dei "overdøva" den spesielle strukturen som elles vart i bildet på dette stoffet.

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Bubble Jet Set 2000 | Data og quilting| Teppe laga av andre | Linkar | E-mail |

TIL TOPPEN

Sidene ser best ut med ei oppløysing på 1024x768 eller høgare.

Copyright 2002 Eldrid Røyset Førde