kameleon quilt logo

Torvmyrane


Skulefane 110 x 150 cm

Komiteen som kontakta meg ang fane til Torvmyrane var opptekne av mulegheitene som teknikken med å printe direkte på stoff åpnar opp for, og kunne tenke seg design der denne teknikken vart brukt.
Det som kunne vere problemet her var falming, sidan det var planlagt at fana skulle henge i aulaen som har mange vindauge mot sør.
Sidan eg likevel ikkje kunne starte på fana med det same pga andre bestillingsarbeid, vart vi samde om å ta tid til ein falmetest på det nye pigmentbaserte blekket før endeleg avgjerd.

design for banner for Torvmyrane Det pigmentbaserte blekket greidde seg godt gjennom testen, og etter litt fram og tilbake vart det bestemt å bruke designet til venstre.
Sidan der er ein del kvite element kunne det ikkje printast på den blå (og veldig dyre) silken som var bestemt til resten av fana, så det vart bestemt å printe fana på kvit Pima 200 tr bommull. Teksten skulle printast for seg og applikerast på, sidan der også var tekst som skulle applikerast på baksida av fana.
Ein del av designprosessen for fana er vist på sidene om data og quilting.

Fana måtte delast opp i fleire panel for at bitane skulle kunne passere gjennom printeren. Eg måtte og prøve å finne ein bakgrunnsfarge som var så lik silkefargen som muleg, så eg printa fleire fargetestar på stoff, og tilpassa så bakgrunnsfargen i fana til den næraste blåfargen. Printa så eit lite format av heile fana på stoff, og fann at den næraste blåfargen kunne ikkje brukast likevel fordi den gjorde blå - gul fargeblandinga i bakgrunnen altfor grøn. Ein del kompromiss unngår ein ikkje undervegs, og eit av dei vart å bruke den nest beste blåfargen.

banner in a grid testing for exact colour


Så var jobben å lage stoffark og printe alle dei 17 delane.
Etter at dei var printa og hadde tørka ei stund, var det rett i badekaret for å fjerne kjemikaliar, deretter tørking og stryking.


printing the banner washing the prints


Deretter vart alle panela sydde ihop til fem lange striper, som igjen vart sydde ihop og danna framsida til fana. Bokstavane vart printa for seg, klipte ut og applikert oppå framsida og baksida.

sewing the panels together sewing panels into long strips


På biletet under er den ferdige fana. Den var ferdig i april og vart overlevert tidleg i mai 2004.



finished banner front side finished banner detail


Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Bubble Jet Set 2000 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

Gratis mønster  

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Bubble Jet Set 2000 | Data og quilting| Teppe laga av andre | Gratis mønster| Linkar | E-mail |

TIL TOPPEN


Copyright 2004 Eldrid Røyset Førde