kameleon quilt logo

Vinterfiske


Veggteppe 75 x 75 cm

Torskefiske gammalt bilde Førde Junior i storm i Barentshavet
Desse to bileta var utgangspunktet for dette teppet. Biletet til venstre har tittelen "Torskefiske" i samlinga til Bremanger Fiskarkvinnelag, og biletet er teke i 1920 åra.
Biletet til høgre er teke i januar ein gong på slutten av 80 talet og viser ein moderne autolinebåt på veg til torskefiske i eit stormfullt Barentshav.
Fiskeri er og har alltid vore eit tøft yrke, men likevel er det ein enorm skilnad mellom kvardagslivet på jobb til fiskarane til venstre, og for dei som er ombord i den moderne båten til høgre. Berre for å ta ein ting: Fiskarane til venstre kunne aldri ha gått på havet i slikt ver som vi ser på biletet til høgre, det hadde aldri gått bra. I slikt ver måtte dei pent halde seg på land.

Storm at Sea fire blokker Veret vart eit stikkord då eg valde utforminga på dette teppet. Eg syntest det var naturleg å bruke "Storm at Sea" (storm på havet) blokkmønsteret til å setje bilda inn i. Det er eit mønster som også passar godt til berre to fargar.

Eg brukte det første biletet til det eine settet med bitar i blokka, og det andre biletet til resten av blokka.

Storm at Sea første bilde Storm at Sea andre bilde


Storm at Sea alle bitane samla
Då dei to setta med bitar vart sett saman, vart det sjåande slik ut.
Bitane vart printa enkeltvis på stoff som var behandla med Bubble Jet Set for å gjere blekket vannfast, og deretter sydde ihop på vanleg måte. Det ferdige teppet ser slik ut:

Vinterfiske foto quilt i Storm at Sea blokkmønster

Vinterfiske detalj av foto quilt

Teppet vart sydd saman med maskin, og også quilta med maskin i et bølgemønster.
Eg kalla teppet "Vinterfiske" fordi det er det dei held på med på begge bileta
Teppet var utstilt på Nordisk Quiltetreff i Oslo i 2003.

Det har og blitt valgt ut til utstillinga 'The Image and the Quilt' som heng i Primedia Gallery i Golden, Colorado frå 2. november 04 til 28. januar 05.





Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Bubble Jet Set 2000 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

 

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Bubble Jet Set 2000 | Data og quilting| Teppe laga av andre | Linkar | E-mail |

TIL TOPPEN


Copyright 2002 2003 Eldrid Røyset Førde