kameleon quilt logo

Fane til Torvmyrane


View from Brandsøyåsen Til venstre er utsikt frå Torvmyrane, som er namnet på skulen i eit nytt byggefelt i Florø. Namnet har skulen og området fått fordi det her vart skore torv til brensel i tidlegare tider.
På møte med komiteen som hadde ansvar for å få fana på plass, fekk eg ein del nøkkelord å arbeide ut ifrå. Eit av orda var 'myrull', som eg valde å ha som utgangspunkt i første omgang.
photographing bog cotton Eg starta med å fotografere myrull både ute og inne, i forskjellig lys og mot forskjellig bakgrunn. Deretter valde eg ut nokre bilder som eg jobba vidare med, eller, på dette stadiet, tenkjer eg heller på det som å 'leike med' bileta.
Eit av bileta som hadde ein orange bakgrunn vart gjort sirkelforma og det vart lagt på skugge slik at det såg meir kuleforma ut og likna på ei sol eller ein glødande ball. Dette gjorde eg i Corel Photo Paint. bog cotton against the sun

bog cotton on orange background
Bak dette sirkelforma biletet la eg eit rektangel fyllt med farge gradert konisk frå gult til orange. Eg likte effekten av ein glødande 'aura' rundt solkula. Dette vart gjort i Ccorel Draw.
Eit råd eg alltid prøver å følgje når eg 'leikar' slik som dette er å LAGRE SOM!! På kvart stadium der du likar det du ser: LAGRE SOM med forskjellige filnamn.
Ein kan samanlikne denne prosessen med 'brainstorming' prosessen når ein skriv: alle flygeidear blir notert, og ein kan gå tilbake og plukke og organisere det ein vil bruke vidare.
Når ein 'leikar' slik som dette kan det vere vanskeleg å gå tilbake til start og duplisere prosessen i tilfelle noko går gale undervegs, så det er alltid ein god ide å lagre forskjellige stadium. Alt som ikkje blir brukt til slutt, kan slettast seinare.



bog cotton

Dete biletet vart utgangspunkt for nokre av landskapsteksturane i den ferdige fana. Eg brukte 'tryllestaven' i Corel Photo Paint for å maskere og fjerne enkeltfargar og fargegrupper i fotoet.

bog cotton masked 1
bog cotton masked 2


bog cotton mask on background

Til venstre er to maskerte variantar av biletet ovanfor plasserte oppå to rektangel, - det øvste rektangelet er delvis transparent, - berre for å sjå jor det ville ta seg ut. No er eg tilbake i Corel Draw programmet igjen.


På biletet under er brukt ein liknande maskeringsprosedyre for å fjerne snøen frå landskapet slik at berre ein 'landskapsstruktur' er att.

>landscape with snow

landscape after snow has been deleted


På biletet under til venstre er nokre av eksperimenta over sette saman til noko som byrjar å likne på det ferdige produktet.
Til høgre er den ferdige tegninga til fana med måse, tre, leikande barn og tekst. Dette vart så printa direkte på stoff. Sjå også fotoet på toppen av sida, som og var del av inspirasjonen.


Sjå på Bubble Jet Set sidene for å lese meir om korleis printinga og syarbeidet gjekk føre seg.




Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Bubble Jet Set 2000 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

Gratis mønster

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Bubble Jet Set 2000 | Data og quilting Teppe laga av andre | Gratis mønster | Linkar | E-mail |

TOP

Copyright 2004 Eldrid Røyset Førde