kameleon quilt logo

Bilder til "Kaleidokatt"


Her brukte eg bilder av mottakarane sin eigen katt sett saman med utdrag av T.S.Eliot sine dikt som er grunnlaget for musikalen "Cats". Bilda vart behandla på forskjellig måte i Corel Photo Paint før dei vart lagt på bakgrunn og sett saman med tekst i Corel Draw.

Eksempel på originalbilde og bilde ferdig til print:

Katten i vindauga i silhouett mot snøen    Her er det blitt natt med måne

I Photo Paint brukte eg tryllestaven (Magic wand) til å maskere dei lysaste felta, som så vart sletta. Det som vart att (sjå bildet under) tok eg over i Corel Draw, snudde det og la oppå på ein blålilla bakgrunn (rektangel).
Månen er to sirklar som delvis overlappa kvarandre og så vart intersect-kommandoen brukt, deretter farga gul. Eit gult rektangel vart lagt rett bak bildet der det lysaste feltet i glaskarmen hadde blitt sletta. Til slutt vart teksten skriven inn og plassert.

Kattebilde med det lysaste tatt vekk


"Forbrytarkatten"


Utgangspunktet var eit bilde der katten såg ut som han hadde eit ytterst truande blikk:

Katt med truande blikk    Katt etterlyst på murvegg

Bildet vart maskert med Magic Wand slik som ovanfor, og dei lysaste partia sletta. Deretter Effects og Edge Contour Detect for å få den grove penne-tegning-effekten. Nytt tomt "bilde" i Photo Paint vart fyllt med Effects, Texture, Brick Wall og lagra, deretter importert i Corel Draw. Her brukte eg så Power clip for å plassere murvegg-bildet inn i eit rektangel. Så vart bildet lagt oppå, "Wanted" skrive med raudt i ein "røff" font før endeleg teksten vart skriven inn og plassert.




Meir om å printe på stoff finn du på Bubble Jet Set-sidene.





Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Bubble Jet Set 2000 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

 

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Bubble Jet Set 2000 | Data og quilting Teppe laga av andre | Linkar | E-mail |

TOP

Copyright 2002 2003 Eldrid Røyset Førde