kameleon quilt logo

Galleri 2005



photo on fabric portrait



Portrett - foto på stoff
Veggteppe ca 45 x 55 cm

Sydd som gåve til ein slektning.
Forskjellige delar av portrettet vart printa på forskjellige stoffbitar og deretter sydd saman og quilta. Stoffa hadde mønster som minte om solnedgangshimmel, sjøfuglar, regndropar og skrått Vestlandsregn, blomster, fjøresteinar og sølepyttar. Alle desse mønstera viser gjennom portrettet i varierande grad.

Sydd og quilta med maskin.
photo quilt 'livets vev'


'Livets Vev'
Foto quilt 85 x 85 cm

Bestillingsarbeid.
Eit foto frå mottakaren sin barndomsheim/nabolag er brukt som bakgrunn, og foto av slektningar og frå forskjellige minneverdige hendingar er sett inn i eit rutenett som minner om eit vevemønster.

'Børs og Katedral'
Eit par fotoquiltar 30 x 43 cm kvar

Desse quiltane er laga i eit blokkmønster som blir kalla 'Inner City'. Den tredimensjonale effekten får ein fram med å bruke lyse, mellom og mørke stoff. Eg har brukt lys, mellom og mørk variant av dei same fotoa.
Til venstre er ein del av eit bysenter (Pike fish market i Seattle), og til høgre er fjellet Hornelen i snødrakt, - også kalla 'Trollkatedral' i eit av Jakob Sande sine dikt.



foto quilt 'børs og katedral' foto quilt 'børs og katedral'
green chausuble for Frøya church in KalvaagEin serie grøne liturgiske tekstilar vart leverte til Frøya Kyrkje i Kalvåg i januar 2005. Dei vart tekne i bruk første gong i februar same år.
Klikk på bildet for å sjå heile serien.


green chausuble for Frøya church in KalvaagDei lilla tekstilane til same kyrkja var ferdige i november, og var tekne i bruk i kyrkja den 4. desember 2005

Klikk på bildet for å sjå heile serien.





'Til Velsigning for Bygda'

Bestillingsarbeid til eit bufellesskap for eldre. Les meir her.





Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Foto på stoff 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

Gratis mønster  

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Foto på stoff | Data og quilting Teppe laga av andre | Gratis mønster | Linkar | E-mail |

TILBAKE
til Gallerioversikt

TIL TOPPEN

Copyright 2005 Eldrid Røyset Førde