kameleon quilt logo

Galleri 2009 - 2010


Mosaikksirklar
ca 48 x 48 cm

Mosaikkmønster av små stoffbitar som gir inntrykk av sirklar som overlappar kvarandre, og som samstundes er gjennomsiktige.

hit for fleire detaljar.

Der er også eit nedlastbart mønster til dette teppet, førebels berre på engelsk.



Messehaklar til Ålfoten kyrkje

Ein grøn og ein kvit messehakel til kyrkja i Ålfoten.
Gå til sida for kyrkjetekstilar for å sjå nærare på desse samt andre kyrkjetekstilar.


 patchwork table runner

Bordløpar
ca 50 x 100 cm

Sydd på bestilling.




Skog
Ca 40 x 54 cm.

Eit eksperiment med fletta stoffstrimlar.
Etter at strimlane var fletta saman, minnte det meg om lysstrålar som skein mellom trea i ein skog, så eg applikerte nokre trestammar oppå den fletta bakgrunnen.




Veske med blokker i stoffbretteteknikk.


Blokkene er laga ved å plassere bretta stoffstykke oppå kvarandre. Der er nesten ingen saumar i sjølve blokkene.




hexagon pillow

Sekskantpute

Etter å ha sydd lappeteknikk i over 20 år tenkte eg det var på høg tid å prøve seg på engelsk papirsying. Denne puta er det første prosjektet mitt i denne teknikken.

Prosessen med å sy puta, samt ein del praktiske tips, har eg posta på bloggen min.




Babyteppe

Ca 80 x 90 cm

Laga på bestilling.
Personen som bestilet teppet ville ha foto av den nyfødde jenta, samt namn og fødselsdato i midten. (Eg har teke vekk det verkelege namnet på biletet)

Teppet kan bli like fint i blåfargar til ein liten gut.







Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Foto på stoff 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

Gratis mønster  

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Foto på stoff | Data og quilting Teppe laga av andre | Gratis mønster | Linkar | E-mail |

TILBAKE
til Gallerioversikt

TIL TOPPEN

Copyright 2002 - 2011 Eldrid Røyset Førde