"
kameleon quilt logo

Fugl eller fisk eller midt imellom



170 x 200 cm
Sydd og quilta med symaskin
fuglfiskbuild Teppet, som er inspirert av ei tegning av kunstnaren M.C.Escher, vart først tegna og fargelagt på rutepapir.

Alle dei 5 cm store bitane vart så kutta og sett fast med knappenåler ein etter ein på design-veggen. Eg hadde no fått tak i eit rutete stoff til å trekke design-veggen med, og det var ei stor hjelp. No kunne eg greie å følgje med kva rad eg var på til eikvar tid, sjølv om bitane vart sette på skrå. Eg kunne derfor bygge ein og ein figur om gongen.

Veggen (og det ferdige teppet) er mykje høgare enn meg, så eg måtte bruke ei lita gardintrapp for å nå heilt opp.
fuglfiskbuild2 Denne prosessen tok mange dagar, og eg måtte køyre tre gongar til butikken for å kjøpe fleire knappenåler, så no trur eg at eg har nok knappenåler i hus til å vare livet ut og vel så det.
Eg torde ikkje å la bitane henge der uten å vere festa med nåler, for eg var redd dei ville blåse ned dersom nokon passerte veggen i full fart (ikkje eg, å nei, eg stoppa for å sjå kvar gong eg gjekk forbi). Og tenk om nokon åpna ei dør så vinden bles gjennom huset så eg måtte starte på nytt med alle dei bitane!

Gjennom heile denne prosessen vart fargar og stoffvalg evaluert kontinuerlig, og ganske mange bitar vart bytta ut undervegs. Eg har framleis ein boks full med 5 cm bitar som ventar på å bli til ein scrap-quilt ein dag
fugl eller fisk Til slutt vart alle bitane sydde til diagonale rekkjer, og rekkjene sydd saman til ferdig topp.
Denne vart quilta med bølgete linjer.
I sentrum er det quilta ein helleristnings-hjort. Det er ein kopi av ei helleristning som er funne i Vingen her i Bremanger.
Saman med fuglane og fiskane blir hjorten ein del av temaet "Fur, Feather and Fin" (Pels, Fjøyr og Finne), som var temaet for Ascot-utstillinga i 1995
fugl eller fisk detail Detalj

Her kan de sjå den quilta helleristnings-hjorten.

Eg hadde besøkt helleristningsfeltet i Vingen ikkje så lenge før eg sydde dette teppet. Guiden der fortalde at dersom ein skulle leite etter helleristningar, skulle ein sjå etter rekkjer med små hol eller fordjupningar i berget, ikkje jamne linjer
Ganske logisk når ein tenkjer på korleis dei vart laga, og kva reiskap dei brukte.

Defor vart hjorten quilta med prikkete linjer.



Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Bubble Jet Set 2000 | Data og quilting| Teppe laga av andre | Linkar | E-mail |

TILBAKE
til "Midt på nittitalet"

FRAMSIDA


TIL TOPPEN

Sidene ser best ut med ei oppløysing på 1024x768 eller høgare.

Copyright 2002 Eldrid Røyset Førde