kameleon quilt logo

I Kulden Utanfor


Blue Night sewing in a frame


Eg ville jobbe meir med småbitar som vi gjorde på kurset med Edmund Cluett, men ville prøve å få til eit større arbeid.
For mange år sidan såg eg Dirkje Van der Horst-Beetsma demonstrere korleis ho sydde collage av småbitar, og bestemte meg for å bruke same metoden med ei broderramme med metallfjøyr.
Blue Night sewing 2


Eg hadde eit vintermotiv i tankane, - eit einsleg vindauge som einaste lyspunkt i ein mørk skog.
På eit stoffunderlag ca 60 x 60 cm, som ville bli ferdig størrelse, merka eg opp konturane av huset, pluss omtrentleg områda der det lyser på snøen.
Blue Night sew3


Så byrja eg å fylle ut underlaget med lyse, mellom og mørke blå stoffbitar.
Blue Night sew4


Huset vart sydd av striper og sydd på bakgrunnen seinare. Her prøvar eg ut størrelsen.
Vindauget måtte vere mykje mindre enn eg hadde tenkt, - dette her er altfor stort.
Blue Night finished quilt


Eg la til sides stoffbitar med stjerner og prikkar og brukte dei til himmelen. Teppet fekk ei mørk blå ramme før eg quilta greiner og trestammar på begge sider av huset.

Teppet er no ein del av den Europeiske Quilt Association si Koffertutstilling 2006





Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Foto på stoff 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

Gratis mønster  

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Foto på stoff | Data og quilting Teppe laga av andre | Gratis mønster | Linkar | E-mail |

TILBAKE
til Gallerioversikt

TIL TOPPEN

Copyright 2005 Eldrid Røyset Førde