"
kameleon quilt logo

Tidlege arbeid



Go to English pages
Heim 
Om meg 
Kameleon Quiltar 
Galleri 
Mønster til salgs 
Arbeid under utforming 
Inspirasjon 
Bubble Jet Set 2000 
Data og quilting 
Teppe laga av andre 
 
 
Linkar 
E-mail 
Her kan de sjå nokre av dei første arbeida mine.
first quilt Log Cabin Quilt
1987

Den første quilten eg nokonsinne laga var denne log cabin quilten. Det er brukt masse forskjellige stoff i forskjellige kvalitetar, alle saman restar frå klede som eg har sydd til meg og familien.
Dette var før alt, .... eg hadde ingen rullekniv, linjalar eller skjerematte. Det var berre meg, saksa og symaskina som gjorde jobben.
I dette teppet kan eg sjå og framleis minnast blusen eg hadde på meg den dagen yngstejenta kom heim frå fødeavdelinga, trekket til babykorga, kjolen med delfinar på som eldste dattera likte så godt (ho syntest det passa bra at ho hadde fiskar på kjolen sin sidan far hennar var fiskar), gardinene til første fiskebåten til husbonden, osv, osv ...
Bremanger Quilt
Bremangerteppet: "Frå hav til bre""
1990    160 x 190 cm


Klikk på bildet for å sjå fleire detaljar.
"Frå Hav til Bre"

Dette teppet er applikert, men det er ikkje quilta, berre fora på baksida.
Teppet handlar om Bremanger, kommunen der eg bor. Frå uminnelige tider har fiske vore hovudnæringsvegen på desse kantar, og det er framleis viktig, saman med industri basert på vasskraft.
isbre (glacier)
Isbre
1993     115 x 130 cm
Isbre
vart laga i 1993, og er den første quilten som eg designa med hjelp av eit quilte-design-program på datamaskina.
På den tida hadde eg ikkje fargeprinter, så tegninga vart printa ut i svart-kvitt - det var ganske nyttig for å sjå virkninga/fordelinga av mørke og lyse stoff.
summer93
Sommar 93
1993     105 x 105 cm
Sommar 93
På denne tida hadde eg byrja å abonnere på nokre internasjonale quilteblad, og vart ganske imponert over alt det flotte dei viste der.
Eg syntest Miriam Nathan Roberts sine arbeid såg interessante ut, og ville prøve å få til noko liknande.
Det betydde at eg måtte grave fram batikkfargane mine frå 70-talet for å farge graderingane frå lysegrått til svart. Vart også freista til å farge litt knytebatikk med det same eg holdt på, så "sola" vart til samtidig.
Sirkelmønsteret som vart laga med knytebatikk kalla vi "batikk-sol" på den tida. Sidan vi i 1993 hadde ein dårleg og regnfull sommar heromkring, fekk teppet dette namnet. Sola var nesten konstant fanga bak skyene.

Mine to tenårings- og nesten-tenårings-døtre syntest knytebatikk var tøfft. Dei fekk prøve å farge sjølve, og laga nokre vellykka t-skjorter. Veninnene vart interesserte, så dermed vart det invitert til batikk-party.. Her er nokre bilder frå eit slikt batikk-party, og faktisk skein sola den dagen.

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Bubble Jet Set 2000 | Data og quilting| Teppe laga av andre | Linkar | E-mail |

TILBAKE
til Gallerioversikt

TIL TOPPEN

Sidene ser best ut med ei oppløysing på 1024x768 eller høgare.

Copyright 2002 Eldrid Røyset Førde