kameleon quilt logo

September - Haustperler



Det har regna i vekesvis, fleire litt gamle og trøytte tropiske stormar har passert og dumpa det dei hadde med seg av oppsamla væte frå vegen over Atlanteren. Elvar og bekkar som vanlegvis er ganske usynlege, svell opp, så minkar dei litt før dei eser opp igjen. Når eg stikk hovudet ut av døra innimellom bygene, er lufta full av sus frå nære og fjernare elvar som fossar nedetter fjellsidene.

Veret er ikkje inspirerande for kreativiteten trass i at dei fleste quiltedamer lovprisar regnver som det beste sy-veret, - vanlegvis er eg samd i det, men ikkje no ser det ut til.

Ein morgon eg kastar eit blikk ut på den oppsvulma elva som fossar forbi over steinane rett utanfor soveromsvindauget, får eg brått auge på ein fargeflekk i eit vekkgløymd hjørne av hagen. Eg åpnar vindauget for å sjå betre, - eg kunne ikkje hugse å ha planta noko akkurat der, og dessutan er dei fleste sommarblomstrane vekk no.

Men der, - nesten som dei har sprotte opp av jorda i løpet av natta for å overraske meg, står ein heil flokk med sopp med raude og kvitprikka hattar og ser berre sååå flotte ut mot den vasstrekte mosen og bregnene.

Eg heldt auge med veret heile dagen for å sjå om det kunne bli såpass opphold mellom bygene at eg kunne springe ut og ta nokre bilder utan å risikere at kameraet vart øydelagt av regnvatn, og seint på ettermiddagen fekk eg sjansen.


mushrooms

mushrooms2

mushrooms3


Hausten har somme tider overraskande perler på lur.
Fargane inspirerer, - dette kan det bli eit eller fleire teppe ut av,
- ein gong eg får tid!!

Oppdatering:
Stoffcollage med små bitar har vore utgangspunkt for dei første forsøka. Resultatet kan sjåast her.







Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Foto på stoff 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

Gratis mønster  

 

Linkar 

E-mail 


Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Foto på stoff | Data og quilting Teppe laga av andre| Gratis mønster| Linkar | E-mail |

TIL TOPPEN

Copyright 2004-2005 Eldrid Røyset Førde